Helen Vu (16), frå hamnebyen Hai Phong, i Vietnam er i ferd med å velje vidaregåande utdanning. Etter berre åtte månader i Norge er det svært mykje nytt å sette seg inn i, ikkje minst når det gjeld skole og utdanning. Derfor møtte ho opp på informasjonsmøte for minoritetsspråklege den 15.februar.