Har du høyrt om OT/PPT? Det handlar om at nokon kan hjelpe deg som er elev, lærekandidat eller lærling, og synes at situasjonen i vidaregåande er vanskeleg. Det kan gjelde både faglege og personlege utfordringar som har oppstått, og du treng nokon å snakke med.
OT/PPT har eit team av oppfølgingskoordinatorar, spesialpedagogar og psykologar som arbeider for å tilpasse og legge til rette for at flest mogeleg fullfører vidaregåande opplæring. Ikkje vær redd for å ta kontakt.
Her er eksemplar på kva OT/PPT ønskjer å hjelpe deg med:
- Skole- og yrkesval
- Alternativ opplæring
- Fagvanskar
- Sakkunnige vurderingar f. eks ved lese- og skrivevanskar
- Tilrettelegging
- Personlege vanskar