Sveiser

Namn: Paul Lillenes

Alder: 64

Yrke: Sveiser/arbeidsleder

Arbeidsplass: Aker Stord


Kvifor valde du dette yrket?
- Først utdanna eg meg til å bli kokk på sjøen. Da eg gifta meg og fekk barn begynte eg å jobba på Aker Stord. Eg ville væra i nærleiken av familien. Det var enklare å være på land då.

Kva utdanning og kvalifikasjonar er nødvending for å bli sveisar?
- Eg gjekk masse på kurs sidan eg hadde utdanna meg som kokk til sjøs. Eg fekk fagbrev.

Kva består yrkeskvardagen din av?
- Eg er arbeidsleder, og set folk i arbeid tidleg om morgonen og ser korleis dei arbeidar. Eg følgjer med på om dei gjør det skikkeleg og dokumenterte kvar einaste ting.

Sikkerheit er veldig viktig. Eg har ansvar for at ingen blir skada under jobbinga. Eg har også mykje møtevirksomhet, og er rundt på forskjellige avdelingar blant anna på opplæringsavdelinga for å læra andre å bli sveisar.

Kva er det beste med yrket?
- Det er lærerikt og interessant. Ein blir kjend med folk.

Kva misliker du mest med yrket ditt?
- Eg misliker ingenting. Alle har ein dårlig dag, men det er ikkje noko stort. Sjølvsagt kan det være litt hektisk til tider.

Kva andre arbeidsområder/muligheiter det fins det innanfor yrket?
- Ein kan arbeide på forskjellige avdelingar.

Kva kan ein forventa i lønn i dette yrket?
- Eg er godt nøgd! Sjefane mine ser korleis eg jobbar, og eg får derfor bra lønn.

Korleis er sjansane for å få jobb innan detta yrket?
- Sjansane er store om ein har gode eigenskapar. Om det er mange som søker, så blir dei som er best egna plukka ut.

 

Skrevet av: Julie Rucha Lillenes Gloppen, Rimbareid skule, klasse 9a