Sveiser og platearbeider

- Eg har arbeidd ved SMV i 23 år. Dette er ein spennande og utfordrande jobb.

Navn: Ole-Johnny Jensen

Alder: 49 år

Yrke: Sveisar og platearbeidar

Arbeidsplass: Sunnhordland Mekaniske Verkstad


Kvifor valde du dette yrket?
- Det verka som eit spennande yrke, og det var lett å få jobb.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli sveisar og platearbeidar?
- Ein må ha skule eller kurs/fagbrev. Sveisekurs, kran- og trucksertifikat er nødvendig. Ein må og læra å lesa arbeidsteikningar.

Kva består yrkeskvardagen din av?
- Eg må lese teikningar, planleggje og utføre sveisearbeid med ulikt materiale. (aluminium, titan, stål, rustfritt.) Eg må og rettleie andre sveise- og platearbeidarar.

Kva er det beste med yrket ditt?
- Me har eit godt miljø, og det er ein variert jobb.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- Det må vere alt støvet og røyken.

Kva andre arbeidsområde/muligheiter finst innanfor yrket ditt?
- Ein kan arbeide med tilsvarande arbeid i ulike bedrifter

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?
- Lønna varierer etter ansienniteten, om ein har fagbrev og lignande. Ein har ei vanleg industriarbeidarlønn.

Korleis er sjansane for å få jobb innan dette yrket?
- Dei er ganske gode.

 

 

Skrevet av: Lena, Skånevik skule 9. klasse