Kvifor valte du dette yrket?
- Det virka interessant - og i tillegg var det at han fekk lange fri periodar.
Kva for utdanning eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli matros?
– Ein kan velje mellom 2 grunnkurs, enten mekanisk(TIP) eller elektrofag. Etterpå er det VK1 sjøfartsfag og 2 års læretid.
Kva består yrkeskvardagen din av?
– Drift og vedlikehald av båten, billettsal og brovaktteneste.
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det beste med yrket er at dei har fin turnusordning og at yrket er godt betalt.
Kva misliker du mest med yrket ditt?
- Eg misliker ikkje noko.
Kva for andre arbeidsområde eller muligheter finnes innanfor ditt yrke?
- Me kan bli fiskar, arbeida innan elektro eller mekanisk. Ein kan også vidareutdanne seg til styrmann, kaptein.
Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?
- Me får cirka 500 000 i året.
Korleis er sjansen for å få jobb innan dette yrket?
- Nå er det 50% sjanse å få jobb. Har du gode karakterar får du lettare jobb. Mange tar matrosutdanning for å bli styrmann, kaptein.
Skrevet av: Malin Vesterheim Aarskog, Rimbareid skule, klasse 9a