Kontormedarbeider

- Eg har ein travel kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver.

Namn: Gerda Johansson Solberg

Alder: 42

Yrke: Kontormedarbeidar

Arbeidsplass: Skånevik Ølen Kraftlag (SØK)


Kvifor valde du dette yrket?
- Eg har alltid likt kontorarbeid. Eg likar å skriva på maskin, og eg likar varierte kontorarbeid.

Kva utdanning er nødvendig for å bli kontormedarbeidar?
Eg gjekk tre år på vidaregåande skule, handel og kontor.

Kva består yrkedskvardagen din av?
Eg tek meg av kundane, svarar på spørsmål via telefon og mail. Elles fakturerar, kontrollerar eg og sender ut straumfaktura til kundane våre.

Kva er det beste med yrket ditt?
Det er variert, ingen dagar er like, og du får nye utfordringar og oppgåver kvar dag.

Kva mislikar du med yrket ditt?
I periodar kan det vere veldig tidspress, og då føler eg at eg ikkje rekk over det eg skulle ha gjort.

Kva andre arbeidsområde finst det innanfor ditt yrke?
Du kan jobba i bank, vera sekretær og jobba på andre ulike kontor.

Kva kan ein forventa i lønn i dette yrket?
Det varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass, men kanskje 300-400 tusen i året

Korleis er sjansen for å få jobb innan dette yrket?
Det er ikkje det yrket som er vanskelegast å få jobb i, men på små plassar kan det vera få stillingar å velje mellom.

 

 

Skrevet av: Anna, Skånevik skule