Kvifor valgte du dette yrket?
- Fordi eg likar å vere ute å arbeide med planter og jord. Eg likar det fysiske arbeidet.
Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendige for å bli gartnar?
- Du må gå på gartnarskule i 3 år. Eg sjølv, har gått på gartnarskulen i Ulvik. Når du går på gartnarskule, må du lære alle plantenamna på latinsk!
Kva består yrkeskvardagen din av?
- Den består stort sett av å selga blomar, og laga flotte bukettar og dekorasjonar!”
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det beste med yrket mitt må vera det å få treffa så mange nye folk. Det er alltid positivt! Eg synest og det er kjekt å sjå at folk vil overraska andre med blomar til for eksempel bursdagar eller middagsselskap.
Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- Det er ikkje så masse. Men det må vel vera det at eg sluttar så seint. Det å jobba innan serviceyrket betyr at me må ha opne butikkar i den tida folk har bruk for deg. Altså, du må tilpassa opningstidene etter kundane.
Kva for nokre andre arbeidsområder /mulighetar finnes innanfor ditt yrke?
- Du kan for eksempel bli produksjonsgartnar, anleggsgartnar, fruktbonde, grønnsaksbonde eller blomsterdekoratør.
Kva kan me forvente i lønn i dette yrket?
- Det er ikkje så veldig godt betalt i dette yrket, men eg synest det er viktig med livskvalitet! Og at eg får arbeide med det er har lyst til. Pengar er ikkje alt.
Korleis er sjansane for å få jobb innen dette yrket?
- Sjansane for at du får jobb innan dette yrket, er stor. Men det spørs litt kor du er her i verden. Her på landet for eksempel, er det ikkje så veldig lett.
Skrevet av: Sara Moe