Fruktbonde 1

Navn: Reidar L. Opedal

Alder: 60 år

Yrke: Fruktdyrkar

Arbeidsplass: Opedal


Kvifor valgte du å bli fruktdyrkar?

- Eg er på ein måte født inn i det. Eg valgte å vera pliktoppfyllande, slik at garden skulle fortsetta å vera i familien. Det er jo mange bra ting med å vera fruktdyrkar, det er eit veldig fritt yrke. Å vera fruktdyrkar er f.eks friare enn å driva med dyr.

Kva utdanning og eller kvalifikasjonar er nødvendig for å verta fruktdyrkar?
- Eg gjekk eit og eit halv år på jord- og hagebrukskule, pluss at eg gjekk i lang læretid på Ullensvang forsøksgard. Læretida varte i ca. 10 år!

Kva består yrkeskvardangen din av?
- Det er alt etter årstida. Om vinteren går det i å skjera av frukttre. Om våren er det gjødsling og mykje sprøyting som må til, og eg må sprøyta vekk ugras under trea. Viss det er mykje regn, må eg passa på for skorv. Og dersom det er mykje sol og tørke, er det midd og mjøldogg som er problemet.

I juni tynner eg plommer og tidlege epler. Ein må gå over kvart tre, og kvar grein. Det er mange tusen tre, og derfor må eg ha hjelp. Hjelpa no tildags kjem frå Polen.

I juli går det også i tynning. I tillegg må eg slå graset. må gå over alt med villiball. Eg må også gjødsla og sprøyta mot mangelsjukdommar, f.eks mangel på kalsium, som gir prikksjuka.

I august byrjar eg haustinga. Eg byrjar med dei tidlege plommesortane Opal og Edda, og den tidlege eplesorten Vista Bella. Med desse sortane blir haustinga tidlegare og tidlegare for kvar haust. Eg må henta av tre til fira gongar, før trea er tomme. Eg tar dei største fyrst, og så får dei andre tid til å veksa seg til etterkvart. Då blir det toppkvalitet, alfa-omega!

Folk er nemleg blitt så kresne. Ein kan velga mellom frukt frå heile verda, men den norske er den beste. Den har hatt ein lang modningsperiode før me finn han i butikken.

Eg har mange sortar av alle fruktane (plommer, epler og pærer.) Det gjer at eg har både tidleg, middels og seine sortar, spreidd utover. Det synes eg er bra. Eg held på med haustinga i ca. to måndar. Dei siste eplesortane på garden, er Elstar og Karen Schneider. Eg har arbeid med dette til oktober.

Kva er det beste med å vera fruktdyrkar?
- Eg er min eigen herre. Ingen sjefar som fortel deg kva du skal gjera; du bestemmer sjølv.

Kva misliker du mest med yrket ditt?
- Det er veldig stressande og nervepirrande når det nærmar seg hausting. Du har heile årsinntekta di hengande ute, i allslags vær og vind. Nokre gongar regnar og blæs det stikkar og strå, men slik er det for bonden. Han må leva med naturen.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheitar finnes det innanfor ditt yrke?
- Eg er jo gartnar, så då er det mogleg å jobba på gartneri, vera i parkvesenet eller arbeide som anleggsgartnar.

Kva kan ein forventa i lønn i detta yrke?
- Det er veldig forskjelleg. Det er ikkje noko fast inntekt. Ein får lønn alt etter kor flink ein er, og kor mykje arbeid ein legg ned i garden. Altså kor stor interesse du har for garden. Ein må ha kunnskap om det ein vil satsa på. Detta vert viktigare og viktigare. No spesialiserer fruktdyrkarane seg meir og meir, og kravet til kunnskap vert større.

No held forsøksringen kurs heile tida. Dei får konsulentar frå Tyskland og Nederland for å kursa bøndene i det siste nye, som forskarane har kome med.

Det må til mykje frukt, fordi prisane er forholdsvis låge. Så dersom du skal ha fruktdyrking som levebrød, må ein ha store mengdar frukt, av toppkvalitet.»

Korleis er sjansane for å få jobb innan yrke ditt?
- Dersom du ikkje overtar ein gard frå slekta, kan det bli vanskeleg. Då må du enten kjøpa ein gard, eller gifta deg med ein arving. Eg ser oftare og oftare folk i avisa som ønsker å kjøpa eit gardsbruk.

Eg vil sjølv kalla meg heldig som har ei dotter og ein svigerson, som vil ta over garden. Kanskje allereie til neste år, faktisk. Alle bønder sitt store ønske er å få ungar som vil overta garden når ein vert gammal. Mange gardar har vore i familien i over hundre år, og då er det ikkje kjekt å bryta tradisjonen.

 

Skrevet av: Malin Meland, Kinsarvik Skule