Kvifor valgte du dette yrket?
- Eg er odelsgut, og det virka interessant å driva gard. Uansett hadde eg tenkt å ta ei utdanning innan hagebruk.
Kva utdanning eller kvalifikasjonar er nødvendig for å verta bonde/landbruksrådgjevar?
- For å verta landbruksrådgjevar må du ha høgare utdanning innan landbruk. Eg var høgskulekandidat i hagebruk og økonomi, og så har eg mastergrad i Postharvest technology(etterhaustingsteknologi). Det vert ofte forkorta til MSc.
- For å verta bonde krevst det eigentleg ikkje noko utdanning, men det er svært lurt å gå på hagebruksskule/jordbruksskule.
Kva består yrkeskvardagen din av?
- Eg er rådgjevar til fruktdyrkarane i Hardanger; direkte på telefon og sender ut e-post og fax. Av og til skriver eg (i lag med andre) artiklar til fagtidsskrift, arrangerer kurs og gjer litt forskjellig forsøksarbeid og registreringar.
- Som bonde er det skjering av tre, sprøyting, hausting osv, det varierer veldig etter sesongen.
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det er at eg står veldig fritt i begge jobbane, og kan leggja opp arbeidsdagen min meir eller mindre sjølv.
Kva er det verste med yrket ditt?
- Det kan verta veldig hektisk i periodar.
Kva andre arbeidsområder/ moglegheiter finst innanfor yrket ditt?
- Det kan vera offentleg forvaltning, omsetning av frukt, grønnsaker osv, eller forskning.
Kva kan ein forventa i løn i dette yrket?
- Som landbruksrådgjevar går lønen etter den offentlege lønstigen, og som fruktbonde varierer det mykje etter sesongen og avlingsmengdene.
Korleis er sjansane for å få jobb innanfor dette yrket?
- For å verta bonde avhenger det om du får arva eller kjøpa ein gard. Som landbruksrådgjevar er det ikkje så mange jobbar, men forholdsvis gode moglegheiter.
Skrevet av: Ågot Bjotveit, Kinsarvik skule