Kvifor valde du dette yrket?
- Det var ein barndommssdraum som eg hadde sidan eg var 12 – 13 år.
Kva utdanning og/ eller kvalifikasjoner er nødvendige for å bli energimontør?
- Eg gjekk to år på elektrolinja på vidargåande. Eg tok eit ekstra år, og gjekk så to år på yrkesskule.
Kva består yrkeskvardagen din av?
- Den består av vedlikehald, installasjon, reparasjon og planlegging.
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det at det skjer nye ting, er kjekt, og det er og kjekt med feilsøking og utvikling.
Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- Det er ingenting å mislika, synest eg.
Kva andre arbeidsområde/ muligheiter finst det innenfor yrket ditt?
- Du kan jobba i ei installasjonsbedrift, du kan væra elektrikar i Nordsjøen og du kan jobba som automatikar.
Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?
- Grunnlønna er på ca 400.000 kroner i året.
Korleis er sjansane for å få jobb innen dette yrket?
- Det er lett visst du har høyspentsertifikat, men det er litt vanskligare nå i finanskrisa.
Skrevet av: Daniel, Skånevik skule, 9. klasse