Kvifor valde du dette yrket?
- Eg var lei av å kjøra til Etne på jobb kvar dag, og då eg fekk tilbod om å jobba her i Skånevik, valde eg det.
Kva jobba du som før du begynte i denne jobben?
- Eg jobba som snekker i Etne.
Kva for utdanning og/eller kvalifiksjonar er nødvendige for å bli CNC- operatør?
- Du treng ingen spesiell utdanning, men du må vere god i matte og kunna bruka ein datamaskin.
Kva består arbeidskvardagen din av?
- Sidan eg er formann, må eg passa på at alle har noko å jobba med. Noko anna som er mitt ansvar, er å fresa alle dører som skal fresast.
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det beste er at eg har ein variert jobb, eit bra arbeidsmiljø og kjekke sjefar.
Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- Eg mislikar ingenting spesielt, men når noko går gale, blir eg ikkje så glad.
Kva andre arbeidsområde eller muligheiter finst det innanfor dette yrket?
- Du kan arbeide på ulike mekaniske verkstader og andre industriarbeidsplassar der det er CNC-styrte maskinar.
Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?
- Det er heilt umogeleg å seie, det er ulikt frå fabrikk til fabrikk.
Korleis er sjansane for å få jobb innan dette yrket?
- Det er god sjanse for å få jobb dersom du er god på data og kan rekne litt i hovudet.
Skrevet av: Martin og Magne, Skånevik skule, 9. klasse