Bonde 2

Navn: John Brandt Aga

Alder: 40 år

Yrke: Gardbrukar/bonde

Arbeidsplass: Einarhaug på Hovland


Hvorfor valgte du dette yrket?
- Eg har vokst opp på garden som har gått i arv i generasjoner. Har lagt i korta frå eg var liten at det var eg som skulle overta garden. Etter kvart som eg vart eldre var eg med på fleire og fleire arbeidsoppgaver. Det var naturleg for meg å overta når eg vart vaksen, og eg likte å arbeide ute i naturen. Her på garden har me alltid hatt dyr og frukt, det var liksom berre å fortsetta med det same.

Hvilken utdanning og/eller kavlifikasjoner er nødvendig for å bli yrket?

- Ein bør ha jordbruksutdanning eller relevant innsikt i kva som skal skje gjennom dei forskjellige arbeidsoppgåvene (onnene). Eg har ikkje utdanning innan jordbruk, har berre med erfaring frå oppveksten og vidare har eg tatt små kurs som me har trengt for å vera godkjente levrandørar innen frukt og kjøtt. Eg merkar det hadde vore godt av meir fagleg kompetanse, eksempelvis innan bekjempelse av ugras. Berre dette å vita kva dei forskjellige grasartane heiter. Og under ei utdanning får me nok sjå ting på nye måtar og meir faglig kompetanse.

Hva består arbeidshverdagen din av?
- Om vinteren skal dyra ha mat morgen og kveld. Og frukttrea skal beskjerast, og er det noko vedlikehold som må gjerast er det best tid til dette om vinteren. Våren startar med lamming og då er det alltid mykje pass av sauer og små lam. På frukt trea er det den siste finpuss med forming og beskjering. Det må og køyrast ut gjødsel på tre og bakkar.

Sommaren skal dyra til fjells og slåtten skal køyrast i hus. Hausten skal dyra heim og innhausting av frukt.

Hva er det beste med yrket ditt?
Det er alltid noko nytt, og ein får følga årstidene med dei arbeidsoppgaver som følger med dei.

Hva misliker du mest med yrket ditt?
Det vert for dårleg tid om sommar og haust. Får ikkje gjort arbeidet grundigt nok.

Hvilke andre arbeidsområder/muligheter finnes innenfor ditt yrke?
- Ein kan leggja om til andre produksjoner (andre dyreslag eller andre fruktslag). Eller nisjenæring som turisme.

Hva kan man forvente i lønn i dette yrket?
- Løn er vanskelig å seie noko om, det kjem mykje an på kor stor garden er, og kva produksjon ein driv. Men om me ser kor mange timar som må leggjast ned for å få ei brukande årsløn, vert timabetalinga dårleg. Eg er i anna arbeid for å tjena meir.

Hvordan er sjansene for å få jobb innen dette yrket?
Det er nok vanskeleg å få arbeid på smågardane her i distriktet, men eg trur at i nær framtid er det nok lettare, når me no ser at mange gardar slår seg i sammen og driv større samdrifter.

 

Skrevet av: Lars Mathias Aga og Laurel Nziza, Kinsarvik skule