Bilmekaniker 1

Namn: Rune Heskja

Alder: 23

Yrke: Bilmekanikar

Arbeidsplass: Aksdal Bil


Kvifor valde du dette yrket?
- Eg er interessert i faget, og blei tilbydd jobben.

Kva for ein utdanning og/ eller kvalifikasjonar er nøvendinge for å bli bilmekanikar?
- Du må gå på ”TIP” i to år, og du må vere god i språk, spesielt i engelsk.

Kva består yrkeskvardagen din av?
- Den består av å reparera bilar, og ta forskjellige kontrollar og testar på bilane.  

Kva er det beste med yrket ditt?
- Eg likar jobben og folka eg arbeidar saman med, og litt at eg får bestemma sjølve synest eg er fint.

Kva misliker du mest med ditt yrket?
- Eg er ikkje så glad i alle servicane og små jobbar på bilar.

Kva for nokon andre arbeidsområde/mulegheiter finst innanfor yrke ditt?
- Det er vel å arbeide som mekaniker av forskjellige sorter.

Kva kan man forvente i lønn i dette yrket?
- Ein kan tene minst 360 000 kr i året.

Korleis er sjangsane for å få jobb innan dette yrket?
- Det er store og lette mulegheiter for å få jobb innan for dette yrke, spesielt viss du er kreativ.

Har du dreve mykje med dette yrket på fritida?
- Ja, eg har nokre prosjekt i garasjen slik som alle bilmekanikar har!

 

Skrevet av: Aslak Taraldsøy, Skånevik skule