Kjøkkensjef

Navn: Trond Haddeland

Alder: 36 år

Yrke: Kjøkkensjef 

Arbeidsplass: Ullensvang hotell


Kvifor valte du dette yrket?
- Det byrja eigentleg når eg var mindre, blei inspirert av farmora mi som bakte og laga heimelaga mat. Eg likte óg å laga mat heima og sjå på kokkeprogram. Så eit naturleg val!

Kva utdanning eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli kjøkkensjef?
- Du må ha 2 år kokkeskule, 2 år i kokkelære på hotel/storhusholdning. Etter 4år er det fagprøve.

Kva består yrkeskvardagen din av?
- Det er varebestilling, ta imot varer, førebu mat til menyar/personar og buffét. I tillegg må eg skrive vaktlister og kontrollera rekningar, men er mest ute på kjøkenet og lagar mat.

Kva er det beste med yrket ditt?
- Laga eller skapa retter. Prøva nye ting, men det besta er å reisa og sjå nye variantar mat (kurs).

Kva misliker du mest med yrket ditt?
- Det er stor variasjon i belegg. Masse ein dag, neste dag er det nesten ingen.   Mye stress og jobbing i helgane!

Kva for andre arbeidsområde eller mogelegheiter finnast innanfor ditt yrke?
- Du kan ta vidareutdanning, hotellfag skule. Reise rundt i verden.

Kva kan man forvente i lønn i dette yrket?
- Det varierer litt, men du begynnar på ei grunnløn på tjueto tusen kr i månaden. Løna aukar for kvart år som går.

Kor stor er sjansen for å få jobb innan dette yrket?
- Stor! Mangel på ”gode” kokker. Det er mange lærlingar.

 

Sjå oppskrift på "Vill piggvar" 

 

Skrevet av: Sindre D. Haddeland, Kinsarvik skule 



Restaurant- og matfag

Restaurant og matfag