– Eg hadde ikkje høyrt om HMS før. Eg trudde det berre var å starte opp dersom ein vil drive ein gard. I dag har vi lært om alle reglane som må følgjast i gardsdrifta, seier Knut Olav i tiande klasse på Strandebarm skule. Fredag den 8. februar gjorde han og medelevane eit djupdykk i spørsmål kring helse, miljø og tryggleik.