Helen Vu frå Vietnam planlegg å søkje utdanningsprogrammet design og handverk.
Helen Vu (16), frå hamnebyen Hai Phong i Vietnam, er i ferd med å velje vidaregåande utdanning. Etter berre åtte månader i Norge er det svært mykje nytt å sette seg inn i, ikkje minst når det gjeld skole og utdanning. Derfor møtte ho opp på informasjonsmøte for minoritetsspråklege den 15.februar.
Denne onsdagen blei det andre av to informasjonsmøte om vidaregåande opplæring arrangert i kantina på fylkeshuset. Tilbodet som starta for seks år sidan er eit samarbeid mellom Bergen kommune og fylkeskommunen. Møta er meint for både elevar og foreldre.
Vanskeleg
– Eg synes det er veldig vanskeleg å orientere seg i det norske systemet for vidaregåande opplæring. Det er mykje informasjon å setje seg inn i. Eg er derfor godt nøgd med å få viktig informasjon tolka til mitt eige språk. Slik fekk eg svar på mykje eg ikkje visste på førehand, seier ho.
På informasjonsmøtet føreleste Nils Skavhellen om inntaket til den vidaregåande opplæring og organiseringa av denne. Han understreka mange gonger viktigheita av å søke innan fristen 1.mars og ikkje minst å møte opp 20.august for å ta imot skoleplassen sin. Etterpå fortalte Torbjørn Mjelstad om fagopplæringa og fordelane med å gå for eit fagbrev.
Innføringsklassar
Til saman 17 tolkar var i sving i løpet av dei to informasjonsmøta. Rundt nitti framandspråklege møtte opp. Forutan engelsk var språk som arabisk, litauisk, somalisk, rumensk, farsi og tigrinja representert. I salen sat folk frå heile verda med et felles mål – å få kunnskap om den vidaregåande opplæringa i Norge.
Dei frammøtte oppmodast til å søke dei såkalla innføringsklassane for minoritetsspråklege elevar dersom dei ikkje meistrar det norske språket godt. Sjølv om mange ønskjer å gå på innføringskurs på Katedralskolen i sentrum, blei det tipsa om at ein må setje opp fleire skolar med same tilbod. Då har dei betre sjans til å få plass i ein innføringsklasse i det heile.
Helen Vu liker å arbeide med hendene og planlegg derfor å velje utdanningsprogrammet design og handverk. Ho fortel at ho skal følgje oppmodinga frå Skavhellen og Mjelstad om å ta med kortet deira med kontaktinformasjon.
– Dersom eg har fleire spørsmål er det godt mogleg at eg tek kontakt med dei igjen, seier Helen.